Gratulerer so masse til Heiajentene som blei kretsmesterar idag. Ein historisk dag då J 15/17 tilslutt vann 5-4 mot Høyang på straffespark etter å ha kriga seg til uavgjort 5-5 etter full tid pluss ekstraomgangar. 

Ein fantastisk innsats av spelarar, trenarar og resten av støtteapparatet.
Vi i Heia er så stolte av dåkke, det har vore ei glede å følge dåkke gjennom sesongen. De har spelarglede, humør, innsatsvilje og eit kjempegodt samhold i laget. Godt jobba jenter, det e so fortjent! Heia Heia ⚽️

Tilslutt vil vi også få takke alle som møtte opp på kamp idag på Eid idrettspark og heia fram jentene våre. Ein blir stolt og rørt når bygda stiller på som Heiagjeng slik som idag. Det vart ei fin ramme rundt kampen, og ein kunne sjå at dei som var ut på bana koste seg i den gode stemninga.

Ei oppleving vi alle kjem til å huske i lang tid framover. 😃

Takk for kampen jenter, vi er så stolte av dåkke!

PS! Les meir på fjordabladet.no (Pluss-artikkel)

(Tekst er saksa frå FB-sida til Heia IL)