Heia FK inviterer til keepertrening for alle fotballspelarar på Heia sine aldersbestemte lag. Keepertreninga vert arrangert lørdag 3. september kl. 11-12.
Heia FK har den glede av å invitere alle fotballspelarar som ønskjer det til keepertrening lørdag 3. september. Ansvarleg for keepertreninga er Ørjan Solheim. Fokuset vert i all hovudsak lagt på grunnleggjande keepertekniske ferdigheter, då dette er ein aktivitet retta mot alle som spelar fotball, også dei som aldri har stått i mål før.
I utgongspunktet vert det sett av 1 time til denne treninga, men dersom interessa og påmeldinga er stor, vil det bli vurdert å ta dette over to timar, der ein evt. deler gruppa i to. F.eks at dei eldste trenar ein time og dei yngste trenar den neste timen (det kan også vere at ein deler i rein jente- og gutegruppe).
Påmelding skjer via trenarane til dei ulike aldersbestemte laga i Heia FK. Dei melder på antal deltakarar til
Frist for påmelding: onsdag 31. august
Arangementet er gratis.
PS! Det er ikkje eit krav å ha med keeperhanskar, men ta med om du har eller lån gjerne om mogleg.