Heia sine 8- og 9-åringar går no inn i siste fase av haustsesongen 2023 og startar med miniputturnering i Deknepollen søndag 17. september.

Søndag 17. september er det fleire lag frå Heia FK som skal avslutte miniputtsesongen i Deknepollen. Der startar morroa i 10-tida og held på til 18-tida. Mykje fotball for dei som er interesserte i å ta turen. Heia har lag i klassene for jente og gut 6 og 7 år. Og to gutelag i klassene G8 og G9.

Etter turneringa i Deknepollen har Heia G9 to kampar att i G9-serien. Komande tirsdag 19. september kl. 18.00 er det kamp borte mot Stryn 1. Deretter vert kampsesongen avslutta med heimekamp på Heia idrettsanlegg onsdag 27. september kl. 18.00.